Av og til må man se ting fra en annen vinkel

Av og til må man se ting fra en annen vinkel

mandag 22. september 2025

Fell du ned på golvet, kan du hamne i støvsugarposen

I dag fekk eg eit bilete frå ein god ven, med påskrifta "Du kan no filosofere over denne puslespelbiten om du vil". Så klart eg vil. 

Eg startar med det vi ser mest av. Eit stort hjarte. 
Det er ramma inn med ei gul og ei blå line, så første tanken er at dette er eit godt beskytta hjarte. Sett på anna vis så kan det vere eit hjarte det er vanskeleg å nå inn til. Men..så lenge denne biten er for seg sjølv, så er det fire brot på linjene rundt, som gjer hjarta anten sårbart eller tilgjengeleg. Eg tenkjer kanskje at den enkelte tolkar dette til dømes ut frå erfaringar, kor ein er hen i livet eller korleis dag ein har.
Ein anna tanke eg får, er at sjølv om det manglar nokre bitar akkurat no, så er det like fullt eit hjarte. Eg hugsar eit dikt eg skreiv for mange år sidan, der eg skriv at sjølv knuste hjarter kan fortsette å slå. Det er slik, og av og til kan det mesta vere irriterande, for uansett kva som gjer at hjarta kjennes knust ut, så kan det kjennast litt forædersk at det likevel tikkar vidare som om ikkje noko har skjedd. Som om verda ikkje har stoppa.
Siste tanke eg førebels har gjort meg, er at det må tre bitar til for at hjartet skal bli heilt igjen. Det er noko å tenkje på. Eg tenkjer at ein godt kan ha eit heilt og stort hjarte heilt på eigen hand og, men å ha nokon som fyller dei små og store hjarteromma gjer det sterkare. Eg las ein eller anna plass noko slikt som at: Etter eit langt liv så vil eg at hjartet mitt skal ha strekkmerker. Godt sagt.

Eg går litt bort frå motivet. Vil seie litt om kvifor eg fekk denne puslespelbiten i dag.
Det kjem frå ei rekkje med meldingar vi sende, der eg mellom anna skreiv at eg var litt redd for at eg var denne puslespelbiten som hadde ramla ned frå brettet, og som havna i støvsugaren. Det er eit noko stussleg framtidsbilete, der ein berre blir borte frå det store og heile biletet, og vert liggande i haugen av gamle brødsmular, hybelkaninar og støv.
Det eg ikkje tenkte på da, men som er litt til trøyst no, er at det er da lite som får folk meir frustrert enn eit puslespel der siste biten manglar. Uansett om det er ein av dei hundre himmelbitane, havbitane eller grasbitane, så blir det likevel eit hol. Og det er mange som er på leit etter denne siste biten.

Eg har tidlegare bruka puslespel som ein metafor på livet. Alle desse små og store bitane som skal passe i kvarandre for å lage gode bilete. Dei manglande bitane som lagar hol i biletet. Felta med mange like bitar som gjer at du må arbeide litt ekstra med det feltet. Dei særegne bitane som gjev det vesle ekstra. Men eg har aldri tidlegare sett meg sjølv som ein brikke i eit bilete. Og i alle fall ikkje i støvsugarposen, saman med anna boss. 

Som med alt anna, så er det berre eg som kan gjere noko med alle desse tankane for meg sjølv. Andre kan kanskje ha nytte av nokre av desse krumspringa, henta dei ned og tenkje vidare ut frå sitt perspektiv. Eg tenkjer at det er viktig for meg å ta med meg at alle bitane har sin plass. Uansett. Og mange puslespel er laga frå same maskin, så det kan hende at ein himmelbit frå eitt puslespel finn plass i eit tre i eit anna eit.