Inspirert av korleis håret ser ut etter ei uroleg natt, der søvnen var lett og hjelpelaus og harehjarta dundra, så vil eg førebels kalle denne dagen flurete. I mi verd er det da ein ting å gjera, og det er å skrive av seg ullhovud og uroleg puls, og freiste å snu denne dagen til ein dugande ein.
Eg sit i stova, og ser ut på utlampene og dei få vindauga det har vorte lys i. Morgonlyset har ikkje teke tak enno, så det er ukjend verd der ute. Det er kanskje like godt, for då kan eg forestilla meg at det er mildt og mjukt, og berre gode opplevingar som ventar. Eg kan høyre ekko frå barndomen. Mor sa ofte på fredaganskveldane at: I morgon kan de sova så lenge de vil. Det stemmer framleis det, i alle fall om eg ikkje vil sove lengre enn til halv seks. Som barn så kunne eg ligge å tenkje og fundera heilt til eg somna att om eg vakna så tidleg. Innimellom kan eg det som vaksen og. Men i dag var det berre å gje opp, og erklære at dagen var i full gang.
Det er nok datoen og minna som plagar meg ut av søvnen i dag. Det er to år sidan mor sin siste dag. Eg har hatt nokre solide "fryktminne" denne veka. Etterrakster etter mor sine siste dagar der eg vart tilkalla då ho var uroleg i pusten og hadde pustestansar. Eg sto fint igjennom det då det hende, men no som eg ikkje treng å halde hovudet kaldt, så kjenner eg på spor av stresset og frykta. Derav harehjerte om natta. Rart korleis kroppen og hjernen kan leva separate liv på den måten.
No er eg snart igjennom da, og har ei plan for noko av dagen. Eg skal rydda og bytte ut blomane på grava med noko anna. Eg har kjøpt lys som skal settast i steinen, og så skal eg syngja Ha takk o´Gud for dagen, som var mor sin avslutningssong i den tida då skuledagen starta og slutta med song. Eg kan tenkje meg at ho valde den fordi han har eit godt bodskap, men og fordi han er kort. Mor tenkte nok på elevane som var litt engsteleg for å mista skulebussen, så ein song som er fort gjort var ei god løysning på det.
Eg tek fram gode minner no. Det hjelp på pusten og pulsen. Det får meg ned på jorda og i takt med meg sjølv litt. Sorg er for meg som eg beskriv denne dagen, den er flurete. Vi talar ofte om fasar i sorg, og eg trur framleis at nokon tenkjer dei i rekkjefølgje og at etter fornekting, sinne, forhandling, depresjon og aksept så er ein ferdig. For meg og mange med meg så er det ikkje slik. Eg sleng att og fram mellom desse fasane, og har utvida dei med fleire steg. Både frustrasjon, vakuum, tomheit og litt stagnasjon har balla seg inn i fasane, og gjer det meir flurete enn eg har godt av.
Men minna. Dei gode minna. Eg kjem attende til dei, for dei held dei som har gått ut av tida, her i tida med meg i små augneblink.
No ser det ut som nattemørket har tenkt å luska seg bort. Det er framleis 50 minutt til soloppgang, men eg kan sjå fleire konturar i det som var svart då eg sto opp. Både bokstaveleg og metaforisk.
Eg har fått skrive av meg spindelveven eller ullhovudet, og kjenner at spenninga har lausna litt i kroppen. Andedraga er fulle, og alt er mindre flurete enn når eg vakna for to timar sidan.
Det bles, men det er opphalds, så da kan det og vera håp om litt frisk luft utan regn etter kvart. Er lettare å stelle det litt pent på grava og, når regnet held seg borte.
Dette er slike innlegg eg deler med ein snev av tvil. Men kanskje nokon andre har ein flurete start og, av andre årsakar men like fult full av flur og flokar. Da er vi to da.
Og du: herifrå går det framover veit du.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar