Av og til må man se ting fra en annen vinkel

Av og til må man se ting fra en annen vinkel

tirsdag 23. desember 2025

Juletankar 2025.

Det er vesle julaftan. Morgonsola er for lengst ferdig med å farge himmelen rosa over Hjelmen, ein årviss tradisjon i jula mi. Mesta litt artig å tenkje på det, at den tradisjonen som har vore mest fast i mi jul, er rosa himmel over Hjelmen i tillegg til juleverset med gammeltone og julekveldsbønna frå gammal utgåve av Landstads reviderte salmebok. Litt rart at den heiter det, for den er da vitterleg fornya mange gonger så når kom den ut som revidert for fyrste gong, og revidert frå kva?

Ingressen er som så ofte før, ikkje ein ordentlig ingress. Meir et forsøk på å samle tankane om den nær foreståande høgtida. Eg har no budd her i over to år, og det er på dagen eitt år sidan eg pakka ut siste kofferten i ny leilighet. Det har ikkje vore tamt, for å seie det mildt. Første året var meir som ein kladd, der eg leita meg fram i gamalt nytt landskap på alle frontar. Siste året byrja eigentleg mykje å falle på plass, men ei større endring i arbeidet laga meir enn nok spenning. Det snubla seg til smått om senn, med landing av ny jobb sist på hausten. 
Takk og lov at livet består av meir enn arbeid.
Utanom arbeid har eg vorte berika gjennom heile året, både med kulturopplevingar og menneskemøter. TrondheimSolistane med Vivaldis fire årstider og Minnekonserten for Hans Rotmo var vel kanskje dei største, men eg må og seie at lokale krefter i Svarraberje gjorde ein god figur i jubileumsrevyen Storfemti. Kultur er for meg eit breitt begrep, så eg kan greitt sette revy og symfoni side om side.
Det som alle desse tre nevnte har felles, er at dei hadde ein klang frå fortid, barne-og ungdomsår, og dette skaper ei skikkeleg go’stemning.
Etter å ha landa litt betre i Surnadal, har eg funne litt attende til den eg var i gammeltida. Eg har vore inne på det tidlegare, dette med at etter kvart som tida går så gjer erfaringane at ein kanskje overtenkjer eller kvier seg litt for å sleppe nye folk innpå seg fordi ein har erfart at folk finns i alle varianter og ikkje alltid med positivt forteikn. No skal det seiast at det å byrje på att i arbeid med kontor midt i to barnehagar utfordrar ein stakkar til å verte meir sosial og i interaksjon på eit langt meir utbredt plan enn arbeid på eit lite kontor i ein bydelsadministrasjon gjer, så dei introverte sidene har fått køyrt seg i jobb og.
Men, største jobben har eg gjort ved å rydda bort nokre gamle spøkelser og kvitta meg med alarmbjeller og den tyngste skepsisen og rett og slett teke ein sjanse på å sleppe folk litt tettare innpå enn den tillærte kilometeren😅. Eg har aldri vore så opptatt av blodsbånd når det gjeld kven eg ser på som familie. Eg har ein liten og nær familie, men foreldrelaus og barnlaus så må ein vera kreativ. Eg har jo i fleire år vore tante til fleire enn systra mi sine, ja til og med tante til fleire hundar opp gjennom. Det er med folk som med kva ein kallar heim. Det er hjarta som bestemmer, og på den måten har eg ved utgangen av året fleire i flokken eg og. Det har vore lærerikt og utruleg triveleg. 
Året har og gjeve ei ekstra glede i form av å bli pantertante til ein liten Herman, som kom til verda på nasjonaldagen. Tittelen er tilpassa då tantebarn Marte ikkje tykte at gammeltante hadde rette klangen. Da bli det tante grå truga ho med, så derav pantertante. (Ref Dorothy i Golden girls). 

Eg befinn meg statistisk sett over midtvegs i livet. Eg er i ein alder der eg har førstehandserfaringar med at ein ikkje skal ta noko som ei sjølvfølgje. Men, eg er og i ei alder der eg har lært meg kor mykje tid er verdt. Kor lite det kostar å bry seg. Kor triveleg det er å strekkje ut eller ta imot ei hjelpande hand. Eg har alltid heldt fast ved at delt glede er dobbel glede, og delt sorg er halv sorg. Den siste delen er ei sanning med modifikasjonar, men om ikkje halv så kanskje ein liten del av sorga vert lettare å bera etter kvart.
Å lytte er gratis, å berre vera til stades like så. Å dele det eg tenkjer på har eg alltid gjort, både «direktesendt» og i ulike skriverier, men eg er kanskje litt meir i spagaten på det no, for det er kanskje meir meiningsfylt å dele tankar når ein kan få gode tankar attende. 
Eg har delt vekas ord heile året, med mine funderingar rundt enkeltord. I desember har eg fått daglig ord i ein kalender. Eg trur eg vil bruke enda meir tid på ord i det nye året, men ikkje berre eigne ord. Det er så mange som har eit godt ord til overs. Så mange historier og tankar om levd liv å lytte til. Så mange ord ein kan gje til dei som er ordlaus.
Medan eg går inn i ei høgtid, kjem tankar om dei som har gått ut av tida. Ingen kan leva evig, men det må vera lov å ynskje at nokon kunne fått meir tid før uhelsa kom. 
Vi ber dei med oss vidare. Det er vel den einaste måten å oppnå evig liv på det..ettermælet og minna.
Eg rundar av med å minne om: Det er aldri feil å sende eit venleg ord. Omtanke kan visast i alle former og farger. Vær raus, vær god.