Av og til må man se ting fra en annen vinkel

Av og til må man se ting fra en annen vinkel

søndag 17. august 2025

Omorganiseringar, valg og leiarstrukturar, sett i fugleperspektiv

Den siste veka kan eg rapportera om travle tider i luftrommet over Svartvassbakkan, Røtet og omegn. I går var det tranane som først hadde reservert tid, alt frå tidleg morgon. Med sine høglytte trompetlydar melde dei sin ankomst, og det var mange formasjonar og gruppeinndelingar å sjå i flokken som var på over 70 individ. Dei svinga seg over heile nerbygda, og det satt ein større flokk på Syltørå då eg var eit ærend der seinare. Ein stor flokk stær hadde ein meir veldresserte og samla opptreden på Bøvra då eg var på tur heimatt. Dei flaug i samla formasjon som bukta seg over ekrene til dei landa i same treet alle saman. Både låvesvalene og tårnseglarane har vorte fleire i lag, men der er det litt verre å sjå systematikken. I dag var det grågåsflokken som hadde morgenøkt. Litt anna lyd, men absolutt mykje kommunikasjon der oppe. Grågåsflokkane har kanskje øvd litt meir, då dei alt begynt å få til små plogar. Men så er det kanskje berre dei som har plogformasjon som mål?

Om det er alle artar som har det likeins skal eg ikkje uttala meg om, men slik eg har forstått det så er den intensiverte flokksamlinga og flygeøvingane ei oppkøyring til fellesturen som går til staden der vinteropphaldet finn stad. Alle dei ulike konstellasjonane og flygeturane er med på å avklara kven som skal leie flokken trygt fram til destinasjonen, og kven som må ha litt drahjelp. Eg trur nok at kvar og ein av desse fuglane har navigasjonsmåtar som er på høgde med både gps og appar, men kanskje er det med fuglane som med folk: ikkje alle er like gode til å lytte til desse navigasjonsverktya. 
Kanskje er det no dei får luka bort desse som overprøver gps-en til fordel for eiga overbevisning om at dei har rett. Dei som stort sett ligg og vakar i dragsuget etter andre, skal vel heller ikkje framst i plogen. Det er ikkje rom for sololøp i stærflokken, for da kan det bli kollisjonar i dei skarpe vendingane. Tranane sine lange vengar er og utsett om det kjem ein vinglepave som freistar å posisjonere seg der det eigentleg ikkje er plass. Skal ein flyge langt, kan det hende at jamnt og trutt er betre enn stunt og skippertak, og eg kan sjå for meg at dei mest fremoverlente tranane fort kan bli for framtung og stupe ned.

Det er rimeleg å anta at nokon får fjøra rufsa til i desse dagar, og det er nok nokon som ikkje tåler det så godt. Det sit nok einkvan som kjenner seg forbigått og lite anerkjent, og hjå tårnseglarane er det sikkert kniving om ansiennitet, så mykje som dei er i lufta. Kanskje er det einkvan tranen som har både brusa med fjøra og skrike høgast, som hvis han hadde kome seg i posisjon hadde ført flokken til vinteropphald i Sibir. Det eg kjenner meg heilt sikker på er at det er ingen som skriv falske reiseregningar eller har bustadsadresse anna plass enn der dei bur. Tafsing derimot kan nok hende. Men ofte vert dei mest aggressive og pågåande bortvist.

Eg tenkjer på dei omorganiseringane eg har vore med på opp gjennom arbeidsåra. Eg tenkjer og på alle stortings- og kommunevala eg har vore med på. Eg tenkjer på alle som har vorte plassert og omplassert, som har vorte vingeklippa og som har staka ut feil kurs og havna ein annan stad enn det som var tiltenkt.
Det burde kanskje vore ein testflygingsperiode. Kanskje må ein sjå meir på oppdrifta som fjærdrakta bidreg med, framfor kor nyussa og blank ho er. Kanskje er det ikkje den med høgast trompetlyd som er rette valget når det kjem til stykke. Eller den med flest timer i lufta, men i dragsuget til dei framfor.
Kanskje skulle det vore praktiske øvingar framfor debattar.

Slik kunne eg sikkert sitte å filosofert lenge, men eg sluttar her, så kan den enkelte spinne vidare om ein har lyst. Og du: hugs å bruka stemmeretten din.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar