Av og til må man se ting fra en annen vinkel

Av og til må man se ting fra en annen vinkel

søndag 6. september 2015

Å lesa det er å elska

Ja, eg veit at det i songen står å leva det er å elska, men livet hadde ikkje vore det same utan bøker. Eg lærte å lesa når eg var fire år, og sidan har eg levd i bokverda. Eg har fryda meg og levd saman bobsey-og lykkebarna. Anne Kath. Westlys bøker om Mormor og de åtte ungene, Guro, lillebror og Knærten, og Aurora har alle lært meg noko om det å vera aleine, om livet i skogen, om bestevenner, bestemødre og fantasivener.
Når eg vart litt eldre, kanskje ti år, vart utvalget av litteratur styrt av begrensning på antall bøker ein kunne låne for to veker på biblioteket. Då vart bøkene plukka ut etter breidda på bokryggen, og slik vart det at eg las boka om Louis Armstrong, samtidig som eg pløyde gjennom utallige bøker om Hardyguttene, de hemmelige syv og Nancy Drew. Vitebegjæret fekk meg til å lesa boka om Mozart, Edison, Disney og Keller. På vidaregående måtte vi gjennom Sigrid Undsets "Elleve år", og Knut Faldbakkens "Uår", og da måtte eg lese Faldbakkens "Sweetwater" for å sjå korleis det gjekk. Særoppgåva vart skreve etter å ha lese trilogien "Medmenneske, Ragnhild og Siste leveåret" av Olav Duun. Anne Karin Elstad sine bøker vart og lese medan eg enno bodde på Nordmøre, og 80 Morgan Kane-bøker var avkoblingslitteratur gjennom førskolelærerutdanninga. Så vart det gåsehud og evig spenning med Anne Holt, Kim Småge, Karin Fossum og Unni Lindell. I smug las eg og "Portrett av et ekteskap", om det stormfulle forholdet mellom Vita Sachvill-West og Wirginia Wolff og Gudmund Vinlands "Villskudd". Eit dystert møte med homolitteraturen når sant skal seiast.
Eg har aldri lese Ringenes herre eller Harry Potter, men Bibelen har eg lese, og eg har prøvd meg på "Snorres kongesaga" og. Kate Morton, Cecilia Samartin og Anne B.Ragde har vore inspirerande følgjesvener, og dei nervepirrande bøkene til Dan Brown tok nattesøvnen bort i vekesvis, då eg ikkje kunne legge dei frå meg. Bøkene "Med egne ord" av Mulla Krekar og "Prosessen" av Gerd Liv Valla forbigåes utan kommentar. Klassikaren "Stormfulle høyder" av Emily Brönte var for min del ein nedtur, medan Sue Monk Kidd sine bøker tok meg med storm.
Så kjøpte eg meg elektronisk bok, ein Kindle, og med den er det Amazon som leverer bøkene. Sidan det har eg lese berre engelskspråklige bøker, som i starten senka tempoet litt, men som og gjev ein bonus med eit større engelsk ordforråd. Og slik vart eg og kjent med eit heilt univers av fantastiske forfattarar som eg ikkje visste om frå før, som skaper nye univers eg kan flykte inn i, leve og slappe av i. Fleire av dei nye forfattarane eg har vorte kjent med, er kvinner, og dei er dei store stjernene innanfor homolitteratur. Litt synd, for eg trur det snevrar av lesarskaren litt. men eg kan ikkje skriva om leseglede og pageturners utan å nevne Gerri Hill, Georgia Beers, Kim Baldwin og Kate Sweeney, berre for å nevnt nokon av mine favorittforfattarar innanfor skeiv litteratur genren, som kan gje håp og tru til unge og usikre, eller late bloomers, om at livet kan vera vel så bra for minoritetar som for majoritetar.
For å runde av dette vesle gledesutbrotet og hyllest til litteraturen og alle dei vakre forfattarsjelene der ute som har eit bodskap og som deler ein del av sjela og hjarta sitt med oss: det som alle desse forfattarane og elektroniske og fysiske bøkene alle har til felles, er at dei gjer at eg kan le og gråte, vente i spenning og puste letta ut. Eg kan reise i tid og mellom land, statar og kontinent, anten eg sit i eigen sofa eller i eit fly eller på eit tog. Og nokre gonger har desse litterære reisene same verknaden som ei fysisk reise: you can't go home again, som Thomas Wolfe så fint har sagt det.
Mi oppfordring til alle i dag er:  les deg glad, les deg frisk, Les bøker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar