Av og til må man se ting fra en annen vinkel

Av og til må man se ting fra en annen vinkel

søndag 16. november 2025

Om livets og dødens skule

Eg har sett fleire på facebook som hevdar at dei har utdanninga si frå Livets skule, og på ein gråvêrsdag skal det ikkje meir enn desse to små orda til for å sette i gang spekulatoren. For eit drøyt år sidan tenkte eg litt rundt uttrykka livets vår og livets haust, og undra litt over at livets sommar ikkje er så mykje nytta sjølv om det strengt tatt er heile biten mellom våren og hausten. No er det Dødens skule eg undrar meg over.

Eg får starta litt laust og ledig med livets skule då. Eg har mange gonger fått undrande blikk når eg har delt deler frå livet mitt som absolutt ikkje gjer seg på cv´n, og som ikkje er verken glansbilete eller suksesshistorier. Eg har ofte sett for meg vegen gjennom livet, med avstikkarar og omvegar, blindvegar og krøtterstiar. I ei bryllaupstale ein gong sa eg noko slikt som at eg og brura (som eg var forlovar for) ikkje alltid hadde vandra på asfaltveg. Det hadde vore både grusveg med vaskebrett og telehiv og dårleg asfalt og bratte motbakkar. 
Eg plar seie at eg deler slik at andre kan lære av mine feil, da det kan sjå ut for at eg ikkje alltid lærer av første feilskjer. Livets skule er slik som andre skular. Du lærer både av eige liv og av livet til dei rundt deg. Når det er sagt, så tenkjer eg at det kanskje ikkje er meint for alle å skulle lære av første smell, for då hadde vi jo ikkje hatt slike artige uttrykk som "it´s not my first rodeo". Fabelaktige uttrykk for oss som treng eit par solide deis i bakken før vi skjønar at det kan vera lurt å revurdera ei tilsynelatande utmerka plan. Eit par deis i bakken..ja eller yiii-ha..vi tek ein tredje runde óg. Vi er mange som ofrar oss for at andre skal bli full av lærdom på våre vegne. Tenk på det neste gong du ristar på hovudet du.

Men det var dødens skule eg vakna opp med som dagens grubleri. Til forskjel frå livets skule, så må ein her sjølvsagt tenkje litt annsleis, for det er ikkje så mykje å ta med seg vidare frå eigen død. Dødens skule er erfaringane vi får når vi mister nokon, når andre mister nokon, når nokon nærmar seg siste grinda, når vi følgjer dei dit, og når vi eller andre står att når siste grinda glir sakte att etter at den vi er glad i har tatt det siste steget gjennom.
Her er det mykje lærdom og visdom. Om ein vil og klarar. Å kjenne på sorga med alle sine fasettar er ikkje farleg. Det er vondt og tungt, men det gjev oss ein visdom i andre enden. Eg vil påstå at ein lærer mykje meir om både seg sjølv og andre om ein kan dele tankar og kjensler om døden og sorga som døden dreg med seg. Ikkje for det, for dei som måtte kjenne på ein letttelse etter siste brattbakkane, så er det óg ei læring. Alt er lov å kjenne på og seie høgt om ein vil, men det ligg ikkje for alle å gjere det. Til å vere eit tema som har vore aktuelt så lenge det har vore folk her på kloden, så er vi ikkje heilt i mål med å få død og sorg ufarleggjort og heil innafor å seie kva ein vil om. 

For over femten år sidan sto eg med begge føtene solid planta midt i ei bunnlaus myr av sorg. Eg var eit medmenneske i situasjonen. Dette var fram til da den største pensumlisten på dødens skule for min del, men eg tok med meg nokre ting meir enn andre. Den gang var eg eit hjelpelaust vitne til at ei nær venninne mista mannen sin, og fekk heile fundamentet sitt rotert 180 grader. Minst. 
Det som framleis sitt litt i meg, er at dei som sto litt lenger ute frå denne situasjonen, dei brukte ord som "klippe" om meg. Dei gav meg kreditt for at eg stilte opp. Nokon prøvde vel strengt tatt å fiske ut av meg kva vi delte av tankar óg, men det var nyttelaust. Døden er på mange vis privat, sjølv om sorg ofte blir drege ut i ljoset.  
Sjølvsagt stilte eg opp. Sjølvsagt kasta eg spilder og spade som far ville sagt, og drog dit så fort eg kunne. Men det var ikkje eit offer. Eg vil ikkje kallast oppofrande og bli beundra for å være eit medmenneske. Eg var ikkje der berre fordi eg tykte synd på. Eg fekk ei tillitserklæring større enn fatteevna, og eg tok det på alvor. Ja, det var tungt, uverkeleg, panikk og vakuumkjensle døgnet rundt, men samstundes så lærte eg meir om meg sjølv og vi om kvarandre enn på alle dei åra vi hadde kjent kvarandre før dette. 
Kanskje forsto eg at dette kunne eg noko om, som eg ikkje visste eg kunne. Her kunne verkeleg hulter- til bulter- hjernen min boltre seg og finne nokre kloke ord og gode svar fordi den ikkje er så oppteke av kva ein kan seie og ikkje seie, men heller kva som må seiast.
Tida vi delte var verdifull for meg óg. Det var levd liv, brå læringskurve men livsvisdom eg tok med meg og av den grunn kunne stå med litt stødigare kurs i stormen då far vart sjuk berre eit år etter dette. No er det da diverre slik at erfaringane med sorg og død aukar i talet di eldre ein blir. Det ballar på seg med visdom og ordlause stunder kvart år, og eg har for lenge sidan forsona meg med at sorg og død ikkje er plankekøyring, og at all mi erfaring seier at sorg ikkje forsvinn men endrar form og farge etter som åra går.

Eg skreiv om å sette ord på, lengre opp. Midt i dette er óg det å ikkje trenge å sette ord på. Av og til er det godt å møte forståing for at du berre vil vere stille, gjerne saman med nokon. Eller la samtalen flyte om heilt kvardagslege ting heilt til den plutseleg ber fram eit godt minne vi kan dele.
Eg veit ikkje heilt om eg fekk ned det eg tenkte då eg byrja på innlegget. Det veit eg sjeldan. Men det viktigaste for meg var vel å sette ord på dette litt tankelause som eg ofte høyrer. Denne, etter mi meining, misforståinga om at omsorg og medkjensle er ei einvegsgate. Eg held fast ved at dette er  
tovegs og like nyttig, eller utviklande, eller givande, for begge partar. Å vere der er ikkje en jobb. Det er ein del av det å vera menneske. Og om ein tenkjer etter, så vil det vera like mykje «lene seg på» som «støtte opp» i det store reknestykket. 
Å avrunde dette er ikkje så lett. det er vel ei repeterande utfordring med dette innlegga som tek over tastaturet og lev sitt eige liv gjennom teksten. 
Eg såg eit sitat som eg gløymde å skrive ned, men som eg hugsar hovudbodskapen i. Sorg er eit overskot av kjærleiken du skulle gi til den som gjekk ut av tida, men som du no ikkje får gjeve han til.
Det rundar kanskje ikkje av eit innlegg med overskrifta «om livets og dødens skule», men sorg er ein del av både liv og død, og då får det berre bli slik.