Her sitt eg, midt i sentrum av barndommens rike, og det er ikkje til å unngå at tankane kjem i nynorsk drakt. Stavekontrollen slit, og det vil kanskje nokre av dykk som les gjere óg, men de får anten halda ut eller gje opp, for nynorsk blir det uansett, sjølv om han blir meir normert enn eg lærte på skulen. Verda og språket endrar seg i takt, inkludert målformene våre.
Rommet eg bur på heiter Lauvfall, og det var det som sette tankane igang i dag. Litt over midtvegs i livet, og med nyklipt hår der det grå er sterkt representert, så kan ein kjenne seg litt haustleg sjølv om kalenderen seier at det går mot ljosare tider og vår. Eg hugsar ikkje diktet Lauvfall, som rommet har fått navnet sitt etter, men diktaren Hans Hyldbakk hadde mange dikt der hausten var ein metafor for overgang til andre tider. Ei avslutning på gode tider på setra, ei tid for ettertanke, eller meir direkte livets haust.
No er det ikkje slik at eg kjenner at eg er i livets haust for alvor enno, men eg kjenner vel litt på at nokre blad har gulna litt med åra, og at det er nokre tørre brune blad i fotefara mine. Nokre ting eg er ferdig med, og dagar som ikkje kjem att.
Kanskje blir lauvfall eit meir melankolsk ord di lengre ut i livet vi kjem. Det er meir å sjå attende enn fram på, hvis eg ikke vert over hundre år, noko eg slett ikkje har verken ynskje eller ambisjonar om. Det er mange som har gått føre, som ikkje lengre er her, og som minner meg på at ingenting varer evig. Nokre minner meg meir enn andre på at vi ikkje veit kva som ventar rundt meste sving og, og godt er det.
No veit ikkje eg om Hyldbakk skreiv flere dikt med haust og lauvfall i, dess eldre han vart. Så vidt eg hugsar så var dette noko han skreiv jamt om gjennom heile livet. Gamal vart han óg, og relativt mett av dage, eit uttrykk som eg tykkjer er så beskrivande og så kraftfullt. Om eg ikkje vil bli hundre, så håper eg å vera så lenge i livet at eg er mett av dage den dagen eg fér.
Nei, no tok dette skriveriet mitt mesta ein dyster vending. Eg får sjå litt attende på det som ligg i minneboka her, for å sjå om eg finn gamle gleder som kan glede litt på ein snøtung vårdag.
I underetasjen, til høgre for meg i bygget her eg sit i skrivande stund, låg hotellbua då eg var barn. Dette var nærbutikken der vi handla som oftast. Eg trur nok eg ville vore litt forundra over kor lite areal det er snakk om hvis eg såg det i dag, men når eg var barn var det ei heil verd inne i hotellbua. Glasdisken med bakverk, der glaset var lent skrått innover med eit lite utstikk på framsida der det akkurat gjekk an å sette seg hvis ein var fire år og sliten i beina. Hyllereolane, som var få i talet men som var høge nok og mange nok til at eg kunne miste mor av synet. Meir skulle det ikkje til før eg fekk panikk og trudde eg var bortkomen, for eg var eit forsiktig og lite verdensvant barn med uendeleg stor fantasi og ein hjerne som gjekk på høygir alt da. No var det så vidt eg veit berre ein gong eg «kom bort» frå mor på hotellbua da, så eg har mest gode minner. Eit minne som har sett seg, er frå tida då det var artig tekst inni cola-korkane og bilete av skodespelarar på solo-korkene. Det var begrensa kor mykje brus vi drakk, men som navnet tilsier, så låg hotellbua i underetasjen på hotellet, og far var snill og spurte Jorunn bak disken om vi kunne få nokre korker frå kafeteriaen, og det fekk vi. Ein stor pose som eg kunne sortere da eg kom heim. Eg kan framleis og kjenne lukta på hotellbua. Lukta der var litt ubestemmeleg. Ei blanding av bakverk, grøne epler og litt krydder eller kaffe kanskje. Eg kjenner ho, men det er ikkje heilt tydeleg for meg.
Kaffe ja. Det er ei lukt som eg alltid har lika. Den ultimate kaffelukta var frå ein anna butikk. Samvirkelaget. For ein stas det var dei gongane eg var med bestemor på samvirkelaget som da låg der restauranten Napoli ligg no. På samvirkelaget hadde dei ei maskin der ein kunne male sin eigen kaffe, og bestemor let meg få trykke på startknappen. Eg kjende lukta av kaffe lenge før vi kom bort til maskina, og lukta når vi sto der og venta på at maskina skulle bli ferdig, den var heilt himmelsk.
Samvirkelaget var i to etasjar, så der var det verkeleg anledning til å forvilla seg bort frå dei ein var saman med, så det var med blanda kjensler eg var med, men kaffekverna trakk meir og overskygga frykten for den store butikken.
Hvis eg let att augene, så har eg både følelser og luktminner frå mange butikker her på Skei. Som barn flest, så var alle sansar i sving når eg skulle orientere meg i stadig nye butikker eller stader, og det er luktene som ofte er sterkest. Overveldende og intense dufter iblanda fuktig jord på blomsterbua. Lukta av tekstiler og gråpapir, med hint av støv hos F.Mikkelsen. Lukta av nye møbler hjå.Møbel-fiske.nye skinnmøbler har ein heilt eigen eim. Eg hugsar og godt den litt kliniske medisinlukta på apoteket som da låg på Setergarden, før vi svinga av til Øra, som eigentleg heiter Surnadalsøra og som er eit lite handelsparadis som eg har beskrive i tidligare innlegg.
No har eg rota meg ut og inn av tema, som starta med Lauvfall. Eg trur det er naturleg at jo eldre eg blir, og dess fleire nye vårar, somrar og haustar som kjem og går, så kjennes lauvfallet betre for kvart år. Det knirkar litt meir og greinene vert meir krokut for kvart år. Lauvet visnar fortare og dei nye knoppane sprett ut litt seinare og færre i talet. Men dei kjem.
Og den nye våren kjem, sjølv om det årlege snøfallet som alltid knuser den årlege draumen om tidleg vår, er over oss som eit lite inferno. Det skal smelte igjen. Sola skal sørge for takdrypp og museører på bjørka. Blåveisen og snøklokkene skal stikke hovudet opp av det kvite teppet og vi skal glede oss over at jammen kom han litt seint, men godt, denne våren óg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar