Eg starta min dag så tidleg i dag, med kaffe på senga. Eg dro gardinene frå vindauga, og såg på dei snødekte trea. Svarte strek med tjukt bomullslag på, mot blå himmel.
Det er skrive mykje om snø, og det er lett å tenkje på alt den gøymer og kor flunkande nytt alt ser ut utan eit spor. Det er lett å tenkje på dei svarte greinene som minner som flettar seg inn i kvarandre og inn i ny tid, og snøen som dempar dei kvasse endene på dei knekte greinene. Borken som får glatta ut si ruglete overflate, og røter som vert mindre sårbare og som får eit gøyme mot kulda.
Her sitt eg, etter ein solfylt dag med snø i trea. I morgon ventar kvardagen og ungane som bygde snømann ute i bakgården skal attende på skule og barnehage.
I morgon skal eg sette føtene ned på kalde golvplankar, alt for tidleg, ete havregraut og ta t-bane saman med morgontrøtte menneske lik meg sjølv. Og som alltid så undrar eg kor mange av dei som tenkjer som meg, at det må då vera meint å vera meir enn dette?
I kveld, fleire timar før havregrauten skal inntas, sitt eg under pledd og prøver å vera takksam. Eg veit at eg har meir enn mykje å vera takksam for, men i kveld er eg berre trøytt av å vere takksam for alt som er halvvegs og på veg til noko.
Eg sitt under pleddet etter far. Det siste far såg. Og eg skal vera glad for at eg fortsatt kan sjå det. Beige med kvite blader. Glatt og mjukt på ei side, og enda mjukare men litt meir rufset på andre sida. Varmt og godt. Stenger frosten ute. Eg burde vera glad for å kunne varma meg under pledd, og stryke handa over mjuke bladmønster. For å tenkje, høyre, sjå og føle. Det blir berre så alt for mykje av og til.
Eg har lese bok, eg har tala med mor i telefonen, eg har gått meg tur og laga meg middag. Og alle desse tingene kan eg gjera fordi eg er frisk, eg er i live, og eg har alt eg treng. Men det må da finnast meir?
Eg kjenner meg som ein av asterologane som har bruka mesta kvar vakne time til å leite etter nye planetar og nye solsystem. I håp om å finne ei anna verd, anna liv, nye impulsar. Sjølv om graset sannsynleg vis ikkje er grønare på ein anna planet. Det er berre noko med det ukjende og litt fjerne som held på ein draum. Ein draum om alt som kan bli.
Eg treng at det bli vår snart. Eg treng at alt det kvite forsvinn, og at sørpa renn ned i sluket. Eg treng at dei svarte greinene får grøne skot. Eg treng å riste av meg vinterskalet og sjå at alt blir født på ny. Eg treng tid på andre sida av Atlanteren, med sol, kvit sand og firfisler som spring så fort at dei mesta flyg for å ikkje svi føtene på varme steinheller. Nokon å servera kaffe på senga til. Eller gå ut på verandaen med morgonkaffe, i mild luft og med sus av palmeblader. Folk treng hus og hus treng folk syng Kari Bremnes. Folk treng folk og. Ein eller ei som ein kan sitte og sjå ut vêret med, og legge planer for dagen med, og møte alle kvardagane med. For det er så mykje meir kvardagar enn helger. Men kvardagane blir så mykje meir når du deler dei.
Eg veit. Takk og lov for at eg veit at livet har mykje å by på. Og meir i vente. Eg veit at ein dag så vil der vere fleire delte dagar ein åleinedagar. Men dagen i dag var langsam og fylt med åleinetid. Og akkurat i dag så passa det ikkje så godt. Men så er det berre levd liv alt ihop.
Noen ganger holder det ikke bare å trykke LIKER, eller gi en KOMMENTAR: Godt skrevet Marit! Kan vi treffes over en kaffekopp?
SvarSlett