Av og til må man se ting fra en annen vinkel

Av og til må man se ting fra en annen vinkel

lørdag 12. desember 2015

46 år med lutefisk.

Til dei som vei at eg er 46 år, og tenkjer at eg har lagt på eit år for mykje i overrskrifta: eg åt min første smak med lutefisk fyrste gong i jula 1969. Og sidan har eg kosa meg med lutefisk kvart einaste år, og med unntak av to år, kvar julaftan.
Tradisjonen med lutefisk var far sin, og når mor og far skapte sine eigne tradisjonar for jula, så vart lutefisk julekveldsmiddag. Og eg har alltid vore glad i den tradisjonen. Eg kan hugse at mange av mine vener tykte synd i meg når eg var barn, fordi eg måtte ete lutefisk på julaftan, og eg kan framleis ikkje fatte å begripe kvifor. Men det eg veit er at det er mange som trudde og framleis trur at lutefisken skal vere skjelvande og geleaktig i konsistensen, og at han skal lukte stramt av lut. For dei som lurar: nei, han skal ikkje det. Den skjelvande geleaktige lutefisken er mislukka av to grunnar: for lenge i lut, og for kort tid i saltvatn før tilbereding. Ein perfekt tilberedt lutefisk skal ikkje skjelve på serveringsfatet, han skal vere såpass fast at han skivar seg slik som vanleg torsk gjer, og lukta skal ikkje rive i nasen.
No kan det hende at mi kjære mor dreg på smilebandet når eg sitt her og fortel korleis perfekt tilberedt lutefisk skal vere. Eg har kun tilberedt lutefisk ein gong, og det gløymer verken eg eller mor. Eg gjekk andre året på vidaregåande skule, og eg hadde valgt data som valgfag. Men; det var for få som hadde valgt dette valgfaget, så difor vart vi fordelt på andre valgfag der det ikkje vart fulle grupper, og difor hamna eg på skulekjøkenet to timar i veka i staden. Det var sikkert ikkje spøk å vera lærar for ei gruppe der halvparten ikkje var motiverte..men nok om det.
Før jul skulle vi mellom anna lage lutefisk, og eg vart sett til å tilberede denne fisken. Heil ærleg, eg hadde ikkje fulgt så frykteleg nøye med, men eg høyrde slik vagt i bakgrunnen midt i dagdrøyminga mi at det var viktig at fisken berre trekkte og ikkje koka. Ja da ja da, tenkte eg. Og gjekk i frå kjelen ei lita stund for å prate litt med dei andre som gjorde noko meir spanande. Ja, så vidt eg hugsar vart eg litt rive med i ein snøballkrig som vi hadde mellom to vindauge som var åpne for lufting ei lita stund. Vi heldt til i andre etasje, og vindauga var rett over taket over inngangsdøra, som det låg fin og kram snø på...men attende til lutefiskkjelen.
Eg hadde høyrt begrepet at lutefisken koka bort, men eg må innrømme at når eg kom attende til kjelen og løfta av lokket, så trudde eg at nokon alt hadde teke fisken ut av kjelen. Eg kunne ikkje tru at dei små tennisball-liknade greiene som duppa rundt i det uklare vatnet kunne vere dei fine fiskestykka eg hadde lagt der litt tidlegare. Lærarinna reiv seg sikker i håret når timen var slutt. Ja, ho gav vel for så vidt eit par tydelege tilbakemeldingar når ho kika ned i kjelen og. Det vart i alle fall ikkje noko lutefiskmåltid å tala om den dagen.
Men attende til notida.
Eg har òg opplevd at mine vaksne vener og kollegaer har blitt litt storauga når dei har høyrt kva eg er vand med, og foretrekkjer, som tilbehør til lutefisk. For det eg er vand med, og tykkjer aller best om, det er potetstappe, smør og flatbrød. I dei siste åra har eg og bruka lefse til, og grovkverna peppar, om det kan kallast tilbehør. Og så er det aller best med solo som drikke til.
Det er etter det eg har skjøna, mange ulike tradisjonar når det gjeld tilbehør til lutefisk, og det varierer sikkert frå heim til heim på Nordmøre og, som i resten av landet. Det er smak og behag dette. Sjøl trur eg vi har dette enkle tilbehøret til fordi det er vanleg tilbehør til fisk, og fordi vi likar smaken av lutefisk. Eg plar seie at eg har ete lutefisk sidan før det vart moderne å ete det. Og eg har alltid lika smaken. Og ja, eg må innrømme at eg fnys litt av dei som går på dei fine resturantane med flest mogleg variantar av tilbehør, og betaler i dyre dommar for å dynge ned lutefisken med så mykje poteter, lefse, sjølvblanda sennep, ertepurè, bacon, sirup, brunost og kven veit kva anna, at dei knapt kjenner fiskesmaken, for så å seie at dei har ete den beste lutefiskmiddagen dei har ete. Eg vil i nokre tilfelle påstå at mattilsynet ville krevd at dei definerte det som poteter med bacon, erter og sennep og eit hint av lutefisk.
Nei, eg sit ikkje her og meiner at alle må ha lutefisk på julaftan. Alle må få gjere det dei er vand med, ynskjer sjølv, og vil ha som tradisjon. Eg sit heller ikkje å meiner at alle må like lutefisk. Kvar sin smak. Men: eg er litt lei av at mat skal bli mote, og at ulike typar mat skal bli så "in" at folk må ete det enten dei likar det eller ikkje, og at folk skal kjenne seg nødt til å dynge maten ned med alle moglege smakar for å i heile tatt få motematen ned. Kan dei ikkje heller ete noko anna??
Ja da, det er sikkert vel og bra at tradisjonane vert videreutvikla og fornya. Men det gjer da vel heller ikkje noko om nokre av dei gamle tradisjonane vert halde i hevd heller. Det er sikkert fordomsfullt av meg å seie, men dette med å modernisere tradisjonane mesta forbi det gjenkjennelege, og i særs tradisjonsmaten, er kanskje enda meir feinsmecker og byfenomen enn noko anna. Og eg tykkjer det er litt synd.
No veit eg at eg har mange vener som hevdar at eg er det mest ur-norske dei veit om, og at eg er frykteleg tradisjonsbunde og tradisjonell. Eg er ikkje heilt sikker på kva som er kompliment og ikkje av desse utsagna, men eg trur heilt og fast på at om ein skal vere åpne for andre tradisjonar og kulturtrekk, og om ein skal respektere andre sine tradisjonar og kulturar, så må ein vere glad i og respektere sin eigen kultur og tradisjon. For når ei veit å sette pris på sitt eige, så kan ein betre skjøna kvifor andre hegner om sitt.
Tradisjonell og urnorsk eller ikkje, eg veit i alle fall at om 11 dagar så sitt eg heime hos mor og ventar på at vi skal ete lutefisk med potetstappe, smør, flatbrød og lefse. Og mest sansynleg har eg solo attåt. Og mjølkesuppe med sagogryn og kanel både før og etter. Og så får alle andre i resten av landet og verda elles gjere som dei vil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar