Dess nærare jula kjem, di meir kjem dei første setningane i ideen til eit nytt blogginnlegg på nynorsk. For i jula skal eg heim, og heim i denne sammenhengen det er heim til mor. Og når eg er heime hjå mor så går det i brei dialekt som ligg tett oppunder nynorsk i mange høve.
Dagens innlegg vart av alle ting inspirert av ein reklame for NSB. Reklamesnutten viser eit par som sitt på toget heim til jul. Og di nærare dei kjem heimen til kvinna i paret, di breiare vert dialekta hennar. Og som eg kjenner meg att i det. Eg gler meg til å kunne tala på originalspråket mitt i fleire dagar til ende. For det er mesta same kjensla å kome heim og kunne tale Surndaling, som når eg kjem til Noreg att etter å ha vore i USA og tala og tenkt engelsk 24 timar i døgnet. For når eg er heime hjå mor så slepp eg å konsentrere meg om å finne dei rette orda, eg slepp å tenkja så gale på rett trykk på ord og samtalen flyt på ein heilt annan måte. Dialekta mi har ord som gjer at eg treng berre eit eller to ord for å beskrive tilstander og kjensler som eg må bruke både ei og to setningar for å erstatta på dette platte bokmålsliknade målet eg har endt opp med når eg er heime i Oslo. Ja, for i og med at eg har ein heim her, så er eg heime her og. I Surndala slepp eg å finne enklare synonym fordi eg brukar ord som er vanskeleg å forstå. Eg kan rett å slett tenkje meir på innhaldet enn på gramatikken.
Sjølvsagt tenkjer eg før eg talar i Surnadalen og, men meir for å finne dei rette orda til rett situasjon, ikkje fordi det skal bli forståeleg og rett.
Mange spør kvifor eg ikkje brukar dialekta mi her i Oslo og. I dei første åra så gjorde eg det ein del, men eg vart etter kvart litt lei av dei som tok opp att "artige" ord og lagde mykje artig ut av det midt i ein samtale, og på den måten fekk samtalen litt av hengslene. Eller dei som prøvde å bruke desse festlege orda sjølv, som regel med feil uttale og i feil samanheng, noko som kan vere utruleg irriterande ved tiande repetisjonen. Eg fann det og rimeleg lite konstruktivt å skulle arbeide i eit fleirkulturelt miljø med ei brei dialekt, for norsk er eit vanskeleg språk i seg sjølv, og da blir bokmål den naturlege fellesnemnaren her. Så på arbeid vart det bokmål som vart der naturlege valget, og ganske snart var dialekta mi lite nytta også i private samanhengar, så framt det ikkje var nordmøringar i nærleiken då.
Ja, eg har gjort nokre valg når det gjeld å nytte dialekta mi berre når eg talar med mine næraste derifrå, og når eg er heime i Surndaln. Men det er ikkje det same som å seie at eg ikkje saknar det. Ein annan ting som gjer at eg saknar dialekta mi, er at like gjerne som at alle folk har kjenslespråket sitt på morsmålet, så har eg det sterkaste kjenslespråket mitt på dialekta mi. Eg treng langt færre ord til å beskrive alle dei underlege tankane og kjenslene som surrar rundt inni meg, og det er litt godt å kunne seie mykje med få ord. Og ein ting er kjenslespråket. Ein anna ting er at assosiasjonane er heilt andre, og at mange av dei eg møter der oppe har vakse opp i samme bygda på samme tid, og difor lettare kan kjenne seg att i assosiasjonane mine. Ikkje for det, eg ser at folk kjenner seg att i ting eg skriv og seier uavhengig av bakgrunn og opprinnelse, men like vel. Det er noko eige med barndomsminner frå same tufter, stiar, skule og ein og anna plattdansen og pubrunden og.
Ja ja, det er pluss og minus med alle språk, alle miljø, alle bygde, byar og land. Men om ei drøy veke skal eg uansett attende til røtene, til litt lausluppen og uanstrengt kommunikasjon, barndomsminner og som i alles fordums tider så kan det vel henda at det er eit og anna spøkelset som blafrar litt innimellom alle dei gode minna og. Men fint det blir det, og eg kjenner meg heldig som er gjeve både røter og vengar. For då kan eg lande litt i jula for så å ta av mot nytt år og nye eventyr når jula er over.
Tidleg god jul til alle der ute. Det blir nok ikkje siste innlegg dette året, men dette er kanskje julekortet del ein.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar